Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

Som vi skal sjå lenger framme, var slike forestillingar internasjonale og allmenne. Vi ser dei tydeleg hos nordmøringane som opplevde «Mannbjønnen». Ja, også hos jegeren som skaut mordardyret - den legendariske Tølløv Person Folldal - «Skyttar-Tølløv».

Sommaren 1776 kom Tølløv til traktene ved Hjelmen nord for Settemsdalen – truleg bodsendt for å gjera ende på bjørnetragediene. Ein kamerat var med han, anten Lars Jara frå Eidet eller Ola Engli, begge er nemnt. Om karane overnatta i Englia eller i Settemsdalen, veit vi heller ikkje sikkert. I det heile er det sagt ymse om desse hendingane.

Skyttar-Tølløv og Mannbjønnen

Elise Settemsdal (1886-1979) fortalte det slik: Tølløv og kameraten stasjonerte i Oppigarden og låg på låven der natta før den historiske jakta. I halv-fire-tida la dei ut. Ved Tunderen øvst i dalen fann dei bjørnespor, som dei rekte i dogga. Oppe i lufta sveiv nokre ramnar – dei følgjer rovdyra for å nyte leivningar om bjørnen tek eit bytte. Og så - i Mørkdalen mellom Raudfjellet og Hjelmkona fann dei bamsen – han låg på ein flat stein og sov. (Etter Gunnhild Myrholt (1845-1933) heiter det at han låg i Hjelmskaret. Det er også sagt at det var oppi Benkjin han vart oppdaga – i så fall på nordvestsida av Hjelmen.)

Mørkdalen, Hjelmskaret eller Benkjin – no tetnar det til med mystikk og drama. Men før vi slepper segner og folketradisjon laus, skal vi vite litt meir om Skyttar-Tølløv.

Mykje på ferd til jeger

Tølløv (Torleiv) Pedersøn Foldal levde frå 1712 til 1795 og må ha vore landets fremste bjørnejeger gjennom tidene. I ein søknad til Vitenskapsselskapet om premie, ført i pennen av presten Hagerup i 1772, oppgir han å ha skote 103 bjørnar og 11 ulvar til da.

Hagerup stadfester: «Saa meget er mig og den ganske Menighed vitterligt, at han haver ødelagt (avliva) mange i Tallet, hvilket har været hans største Opholdsmiddel, som jeg saa meget sikrere kan bevidne, da jeg selv saa sidstleden sidst i Augusti Maaned, da jeg var ved Rindals Kircke, at forbemeldte Tølløv Pedersen kløvede en skudt Bjørn hjem, af hvilken Huden var avtagen og Kjødet avvasket og nedsaltet.» Og futen Wedege føygde sin attest til: «Den benævnte Huusmand Tølløv Pedersen Foldalen er en god Skøtter og har ødelagt mange Rovdyr, baade Bjørne og Ulve, saavel her i Nordmørs Fogderi som Andetsteds, hvilket og har været hans meste Ophold.»

Søknaden om premie vart innvilga – noko som i folketradisjonen vart til «gullmedalje frå Kongen i København for edel dåd». Tølløv oppnådde elles formell status som «ordineret» eller «autoriseret» bjørnejeger - jakt var levevegen. Uoffisielt vart det sagt at han skaut 160 bjørnar. Tingbøkene fram til 1779 (og med unntak av åra mellom 1737 og 1760) dokumenterer berre rett nok «berre» 21 (som han har vist fram for å heve skotpremie), men det rette talet var sikkert 3-sifra. Desse listene viser at han skaut bjørn både i Rindalen, Folldalen, Vindøldalen, Todalen, Surnadalen, Bæverdalen og Valsøyfjorden.

Faren (Peder, «Pe» - ein mykje søkt kvaksalvar i si tid) dreiv «Garden» i Folldalen sør for Rindalen. Der fekk altså Tølløv viktige deler av barndomen sin. Og la grunnlag for eventyrlege legender.

Berre ti år gammel tok han børsa til faren og skaut ei linerle som sat på ryggen av ei ku – medan mora mjølka kua!

Som 12-åring var han med faren på bjørkaløyping ein sommardag, men vart lei og stakk av – på orrfugljakt. Da han fekk sjå ei bjørneunge klatre langs ein bjørkestamme, klemte han til og skaut ungen. Straks etter kom ein til same vegen – og fekk same skjebne. Så dukka bjørnemora opp på ein bergehammar. Gutungen lada om att og skaut bingsa også! - Ja, no he eg skote tri bjønna, eg! sa han da han kom tilbake til faren. – Ja, du ser ut te di, du! fnyste Pe. Men Tølløv gav seg ikkje, og faren måtte innrømme at det var sant: - Ja, he du skote tri bjønna, da he du ikkje vesst kva du he gjort! sa han.


© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s6

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10